Om Slinde Transport

Slinde Transport AS er eit tredjegenerasjons transportselskap, spesialisert på framføring av vekselbeholdarar for dei store speditørane i Noreg.

Hovudbasen vår ligg på Håbakken, langs E16 i Lærdal. Med knappe 4,5 timar frå Oslo og 3 timar frå Bergen, er Håbakken eit godt plassert knutepunkt for all trafikk mellom aust og vest. Her har du ulike tenester samla på ein stad. Dette kan gjere logistikken enklare og miljøgevinsten større.

Me yter god kvalitet og stiller opp på kort varsel.

arne.jpg

Tre generasjonar

Selskapet vart etablert i 1943 av Arne Slinde. Arne og naboen starta med produksjon og frakt av eplekassar til Trondheim.

Det utvikla seg til å bli eit transportselskap med fleire lastebilar og faste ruter til byer som Førde, Ålesund, Haugesund, Bergen og Oslo.

I dag er Arne Slinde Ahlin dagleg leiar. Han har dreve selskapet sidan 2012, og gjort hovudbasen på Håbakken til eit knutepunkt for transportnæringen mellom mellom aust og vest.

Slinde transport består av over 60 tilsette og 40 bilar - og har ei årleg omsetning på 95 millionar kroner.