Kran og transport

Kranbil

Me har 3 kranbilar i stallen og stiller til dei fleste oppdrag.

Krane 1 rekk 28 meter og er 40 tm. Kranen har jibb og winch og hydraulikk til ekstrautstyr ut på jibbtupp. Bilen er både trekkvogn og planbil. Me har kjerre ,plan og jumbosemi med utrekk og hjelpestyring på akslingane.

Kranbil 2 har 37tm kran med 26m rekkevidde og winch

Kranbil 3 har 66tm kran og 28 meter rekkevidde.

Lurer du på kva krane som passar ditt behov eller treng du meir info er det berre å ringe for ein uforpliktande prat. Me stiller på kort varsel, med fleksible kranførarar som er klar for å ta i eit tak og som er oppteken av å yte god service.

Transport

Me er underleverandør til dei store speditørane.

Me formidlar dei fleste typar transportoppdrag.

Me tilbyr kranbil, budbil ,lager og tilpassa transportoppdrag.

På vår terminal på Håbakken i Lærdal tilbyr me ulike terminaltenester.

Distribusjon

Me har stort distribusjonsnett over heile Sogn. Me kan levere ut og hente inn små og store sendingar. Skal du flytte eller har du kjøpt deg noko på andre sida av landet er det berre å ta kontakt so løyser me det meste.

Telefon terminal: 91638390