Hallingterminalen på Gol
I november 2023 opna me Hallingterminalen på Gol, langs Rv 7. Med fokus på vekst, og for å vere ein berekraftig transportbedrift, ynskte me å etablere oss i Hallingdal. Dette er eit strategisk punkt å vere for transporttenester austover.
I tillegg er det endring i infrastruktur og me vil bli råka av tunnelrehabilitering av Lærdalstunnelen, så me utvidar tenestene våre for å kunne vere ein føretrekt leverandør av transporttenester.
Lager, terminal og transport
På Hallingterminalen i Heradvegen 624 kan me tilby lagerplass, kran, terminal- og frakttenester. Me kan løyse dei fleste transportbehov. Terminalen er ope på dagtid, og skulle du trenge hjelp på andre tidspunkt kan du ringe hovudnummeret vårt.
Kontakt
Arne Øystein Gladhus
916 54 113 / 977 33 000
arne.oystein@slindetransport.no
Ring hovednummer ved behov utover dagtid.